Aktivitetslederkurs på Voss

Kayak Voss vil halde aktivitetslederkurs for NPF på Voss helga den 26.-27.juli. Aktivitetslederkurset utdanner deg til å kunne leie grunnkurs elv, samt leie klubbaktivitet o.a. på opp til grad 3. Kurset vil ha ein dag med praktisk trening i rettleiing av nybegynnarar samt ein dag med trening på redning og gruppedynamikk i stressande situasjonar. I tillegg vert det nokre kortare teoriøkter. Generell info om kursa finn du her: http://www.padling.no/grener/Elvepadling/Kurs/Sider/Kurs.aspx

I samband med kurset vert det sett av to dagar i forkant til eit teknikk- eller eit sikkerhetskurs. Dette er fordi eg har fått melding om at me har deltakarar som manglar eit av desse opptakskrava. Her er det mulig at me kan få begge deler dersom det vert naudsynt.

Prisen for aktivitetslederkurset er 1200 per VKK/BSI medlem og 1500 for andre deltakarar.

Vel møtt til kurs!

Du kan melda deg på gjennom dette skjemaet på våttkort.no. Spørsmål kan sendast til Dag Sandvik.