Bassengtrening

Bassengtrening er eit tilbod til medlem som me vanlegvis køyrer i vintersesongen. Her kan nye padlarar lære basistak og rulle i trygge omgjevnader medan dei meir erfarne har høve til å halde rusten borte frå padleformen.

Dersom me skal få fortsette å ha tilgang til bassenget må passa å halda garderobane reine (altså tørk av evt skitne sko og kle før ein går inn, ta av skoene i gangen)

Klubben stiller med eit utval reine båter, årer og trekk. Det er ikkje mogleg å ta inn eige utstyr i bassenget. Du treng altså berre ta med badeklede.

Me har avgrensa plassar på bassengtrening, påmeldingslink vert sendt ut til registrerte medlem.

Dag Sandvik opp ned