Elverydding i nedre stranda

Takk til alle som stilte på elverydding i nedre stranda! Me drog opp over 100 kg avfall som vert henta av IHM på måndag.

Dersom fleire vil rydde er det berre å ta med seg ein pose og plukke, langs vegen ligg det ofte bos som etter kvart havnar i elva.

Takk til Voss Sparebank!

Me har fått midlar til å utvikla klubbområde! Tusen takk til den lokale banken Voss Sparebank som bidreg til at det er mogleg å driva med aktivitet på frivillig basis i bygda ??

Dugnad i utebassenget

Bli med på dugnad i utebassenget fredag 08. juni kl 17!

Ta med bøtte/kost/spade om du har og gjerne ein høgtrykkspylar. Me skal få vekk kost og lauv og hjelpe til med å gjere bassenget klart til utebadingsesongen. Som takk for hjelpa får medlem i kajakklubben gratis treningstider i bassenget. Etter dugnaden vert det gratis konsert med Ugress i Vossabadet. Woop woop!