Ekstremsportveko = Padleveko
Årets padleprogram kan seiast å vere tidenes beste. Alt dette får du bli med på om du har Ekstrempass ELLER hjelper til som frivillig!
Obs: Begrensa plassar! Sjå sportsprogrammet vårt her og meld deg på i dag: https://ekstremsportveko.com/sports/kayaking/

Foto: Marit Stensby
For vidarekomne
Bli med på elva og lær av dei beste! Me får 3 ulike sesjonar over 3 ulike dagar, bli med på det du ynskjer å trene på:
- Freestyle
- Riverrunning
- How to paddle fast
Sjå meir om dei ulike sesjonane her:
https://ekstremsportveko.com/sports/kayaking/ww-clinics/
Konkurranse: Head To Head
Parallellpadling ned villmarksleirstrekket. Populær konkurranse der alle er med og alt kan skje!
https://ekstremsportveko.com/sports/kayaking/head2head/
For ekspert
Her konkurrerer verdensklassen av brattpadlarar! Om du ikkje er med sjølv kan det være like underhaldande å sjå på!
- Ekstremutfor i Brandset
- Team race i Brandset
- Holy Diver Giant Slalåm
Nybyrjar
Ta med venene dine og send dei på introkurs til elvepadling! Her treng ein ikkje kjøpa pass, men dei har ein liten påmeldingsavgift:
- Introkurs til elvepadling for 16-18 år – sjå her:
https://ekstremsportveko.com/activities/teens-16-18/whitewaterkayaking/ - Introkurs til elvepadling for 18+ – sjå her:
https://ekstremsportveko.com/activities/adults-18/whitewaterkayaking/
NM i slalåmpadling Tronheim 2015
Trondhein Kajakklubb arrangerte i år NM i slalåmpadling. Imponerande innsats frå VKK, sjå resultatliste her:
Sjå videorepotasje frå Adresseavisa her.

Team Voss women på trening
Gratulera til verdsmeistar Mariann Sæther!
Mariann Sæther vart i helga verdsmeistar i brattpaddling, under det årlege arrangementet Sickline Extreme Kayak Word Championship. Me er svært stolte av å ha verdas beste kvinnelege brattpadlar som medlem i Voss Kajakklubb!
Vossingen Dag Sandvik stilte også til start og gjorde det svært bra i kvalifiserings-runden, der kun få sekund skilde han frå toppen.
Sjå resultatlistene her: http://www.adidas-sickline.com/en/race-info/results/

Topp 3 kvinner