Klubbpading 2016

Neste klubbpadling vert i kveld kl 17.30 på bua. Fylg med på Facebook Voss Kajakklubb vår for oppdateringar!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Del på Facebook

Utetrening slutt – innetrening byrjar

Grunna mørkets frembrudd er ute-klubbpadlinga over for denne sesongen. Tusen takk til alle for fine turar i elva! Etter haustferien startar me opp innetrening – fyrste bassengtrening vert Tysdag 13. oktober kl 16.00 – 17.30 på Voss Ungdomskule. Gratis for alle betalande medlem! Sjå reglar m.m. for bassengtreningen her.

Inntil då er det berre å søka opp eskimo roll eller flatwater loop på YouTube 😛

Ps: Heilhjelm er ikkje påkrevd i bassenget 😉

Del på Facebook

Foredrag av kiropraktor Pål Kristian Lindseth

1491781_10153040851660033_6524605619513485911_nKiropraktor og elvepadlar Pål gjentek foredraget han heldt for Ekstremsportveko i forfjor. Det handlar om aktuelle problemstillingar og førebyggande tiltak for elvepadlarar.

Møt på dette om du ynsker å ta vare på kroppen din – så du kan bruke den til å padle med :)

Tid: Tysdag 17. mars kl 19:00

Stad: På loftet til Voss Kiropraktorkontor – Stallgata 10

Notis om Klubbpadling

Tirsdag 12. august: Klubbpadlinga fortsetjer, og i dag er det superkvinnene Mildrid Sandvik og Liv Kari som stiller som instruktørar. Møt på Bua kl 18 som vanleg.

Sjekk instruktørlista her.

Klubbpadling

Del på Facebook

Aktivitetslederkurs på Voss

Kayak Voss vil halde aktivitetslederkurs for NPF på Voss helga den 26.-27.juli. Aktivitetslederkurset utdanner deg til å kunne leie grunnkurs elv, samt leie klubbaktivitet o.a. på opp til grad 3. Kurset vil ha ein dag med praktisk trening i rettleiing av nybegynnarar samt ein dag med trening på redning og gruppedynamikk i stressande situasjonar. I tillegg vert det nokre kortare teoriøkter. Generell info om kursa finn du her: http://www.padling.no/grener/Elvepadling/Kurs/Sider/Kurs.aspx

I samband med kurset vert det sett av to dagar i forkant til eit teknikk- eller eit sikkerhetskurs. Dette er fordi eg har fått melding om at me har deltakarar som manglar eit av desse opptakskrava. Her er det mulig at me kan få begge deler dersom det vert naudsynt.

Prisen for aktivitetslederkurset er 1200 per VKK/BSI medlem og 1500 for andre deltakarar.

Vel møtt til kurs!

Du kan melda deg på gjennom dette skjemaet på våttkort.no. Spørsmål kan sendast til Dag Sandvik.

Kurs på Voss!

No til helga, 21. og 22. juni, vert det halde NPF sikkerhetskurs på Voss for dei som er interesserte. Prisen for kurset er 1500,- per pers og 1200,- per VKK og BSI medlem. Krav til deltaking er gjennomført grunnkurs og ferdigheter tilsvarande ein sesong padling. Arrangør av kurset er Kayak Voss, og påmelding og info om våre kurs kan de finne på denne nettsida: http://www.kayakvoss.com/courses-2014/

14 dagar etter vert det halde teknikkurs på Voss. Altså den 5. og 6. juli. Her er det NPF som er arrangør, og prisen er 1500 for alle deltakarar. Påmelding skjer via våttkort.no

ungdomskurs