Trening i utebassenget 2019

(English below)

Obs: Fyrste gongen Torsdag 4. juli møtes me på Bua kl 16.30 for å plukke båtar, vaske dei og køyre dei ned til bassenget.

Torsdag etter veko (4. juli) startar me opp bassengtrening i utebassenget. Me har bassenget for oss sjølve kvar torsdag frå kl 18-19 heile sesongen. Klubben har frivillige instruktørar på plass, og dette er eit gratis tilbod til medlemmene våre – eller så kostar det kr 100,- for drop in. Dersom du har litt padleskills og har lyst å hjelpe til blir me svært takksame, gi beskjed når du kjem eller send oss ei mld på førehand til styret@vosskajakklubb.com. 🙂

Me kjem til å ha nokre fulle sett liggande med båtar, trekk og årer slik at ein kan koma utan eige utstyr. Tek du med eige utstyr skal dette vere gullande reint og vaska med klor. Ver også reinsleg i garderobe og rundt bassenget slik at me kan fortsetja å ha dette glimrande tilbodet.


Obs: On the first session Thursday July 4 we meet at Bua at 4.30 pm to pick boats, wash them and transport them to the pool.

We are starting pool-practice in the outdoor pool by Voss Camping on Thursday July 4. The club will have the pool all to ourselves every Thursday from 6pm – 7pm. Instuctors are helping out for free, and the entrance is free for members. Others pay NOK 100,- for drop-in. If you already have some skills we are thrilled to get more people helping out, give us a shout on styret@vosskajakklub.com 🙂

We have full sets of kayaks, paddles and sprayskirts by the pool so you do not need to bring own equipment. If you do bring your own it needs to be 100% clean and washed with chlorine.

Photo: Lucie Sediva

Rulletrening i utebassenget

Frå mandag 9. juli får Voss Kajakklubb bruka utebassenget ved campingen! Alle medlem i Voss Kajakklubb er velkomne kvar mandag kveld 🙂 Det vert lagt opp til fri trening med ein ansvarleg person, men alle hjelper kvarandre som vanleg.

Det er henta og vaska båtar som skal vere nede ved bassenget i sommar – det er kun dei båtane som kan brukast i bassenget. 

Me har bassenget frå kl 18.45 – 19.45 kvar tysdag fram til bassenget stenger for vinteren. Me har kajakkar, spruttrekk og årer der så du treng kun ha med badekle og evt våtdrakt/vest om du vil. Merk at ein må vere symjedyktig for å vere med på dette. Hugs også at bassenget skal vere like reint etter at me har vore der. 

Photo: Lucie Sediva

Bassengtrening med kajakk vinter 2018

Me startar opp bassengtrening på Hagahaugen 28. februar 2018. For god kvalitet på treningane har me avgrensa plassar med påmelding. Me deler opp treningane i 2 økter:

Økt 1 Kl 18-19: Instruksjon i eskimorulle og tryggleik i elvekajakk. Passar for born og vaksne nybyrjarar. Påmelding her

Økt 2 Kl 19-20: Fri trening. Påmedling her

Påmeldingsavgifta dekker

  • Inngang i bassenget kvar onsdag til og med 2. mai (utanom påskeferien, det vert 9 gonger)
  • Bruk av kajakk, åre og evt trekk (du treng berre badekle. Bassenget held 34 grader)
  • Fast instruksjon (økt 1)

Del på Facebook

Klubbpadling haust 2017

Info om klubbpadling finn du her: http://vosskajakklubb.com/klubb-padling/

Nybyrjarpadling

Vi starter opp igjen med nybegynnerpadling tirsdag 15. august. Oppmøte kl 17.15 på Kajakkbua, her får man utdelt utstyr. Vi skal være ved Raftingen (Voss Active), her er det både flatt vann og et fint stryk:) Vannet i elva er fremdeles kjølig, så ull er gull!

Håper å se mange folk på tirsdag:)

Bli med i Facebookgruppa for oppdateringar: https://www.facebook.com/groups/1106614849444464

Vidarekomne

Onsdagar kl 18. Startar opp 30. September 2017. Bli med i facebookgruppa for oppdateringar om oppmøtestad: https://www.facebook.com/groups/192765251237331/

Slalåmgruppe

Mariann Sæther startar opp slalåmtrening tirsdagar og torsdagar kl 19.30. Fyrste gong vert tirsdag 15. august.

Oppdatert: Framover i haust vil me trene slalåm kvar torsdag kl 17.30. Her møter ein ferdig skifta i elva, kom gjerne før og hjelp med portar.

Info: Klubben har 5 slalåmbåtar til låns, 6 nye er på veg. Ta kontakt dersom du ynskjer å låne slalåmbåt av klubben. Dette er eit  tilbod til alle medlem 🙂

 

Del på Facebook

Nybyrjarpadling startar ute tysdag 23. mai

Tirsdag 23.mai starter nybegynnergruppa med utepadling. Oppmøte kl 17.00 ved Kajakkbua (forbi Bømoen leir). Her finner vi utstyr til de som trenger det. De som har utstyr og plass i bilen må gjerne møte opp til samme tid og sted, men rekker man ikke det, skal vi være ved Vetlavatnet (like ved Hefte Gard) de første gangene. Her er det god vanntemperatur, flott å øve på rulle og diverse åretak. 

NB: husk ull til å ha under våtdrakten, og gjerne et par gamle joggesko som tåler å bli våte. Dere får låne våtdrakt, vest og hjelm fra bua.

Bassengtrening Tysdag 08.11.2016

Me har tilgang til bassenget på ungdomskulen Tysdag kl 16-17.30. Tysdag 08.11 lyt ein ta med utstyr sjølv. Kun reint utstyr får lov til å komma inn, så pass på å vaska det godt fyrst 🙂 Velkomen!

Bassengtrening Andy Phillips

God trening!

Del på Facebook

Klargjering av båtar – bassengtrening 2015-2016

Til medlem i VKK som ynskjer å vere med på bassengtrening men manglar båt: Kom på bua i dag kl 17.30 så lagar me nokre båtar klare for innesesongen – me må vaske av lauv etc – deretter lemper me dei inn i transporten og dei forblir innelukka heile sesongen. Slik kan du passa på at du har ein passeleg båt i bassenget. Treningen startar i morgon kl 16 🙂

Members attending poolpractice but missing boat: Stop by bua today at 17.30 and we’ll make a few ready for the indoor season. Pick the boat you want to use and we’ll wash off leafs etc. Traning starts tomorrow at 16 🙂

stotte2013-4

Del på Facebook

Utetrening slutt – innetrening byrjar

Grunna mørkets frembrudd er ute-klubbpadlinga over for denne sesongen. Tusen takk til alle for fine turar i elva! Etter haustferien startar me opp innetrening – fyrste bassengtrening vert Tysdag 13. oktober kl 16.00 – 17.30 på Voss Ungdomskule. Gratis for alle betalande medlem! Sjå reglar m.m. for bassengtreningen her.

Inntil då er det berre å søka opp eskimo roll eller flatwater loop på YouTube 😛

Ps: Heilhjelm er ikkje påkrevd i bassenget 😉

Del på Facebook

Klubbpadling hausten 2015

Velkomen til haustens fyrste klubbpadling tysdag 25. august! Meir info under klubbpadling.

P6150141

Del på Facebook

Innetrening over for sesongen

Innebassenget stenger for sesongen i dag 1. juni. Meir info om utepadling kjem!