Dugnad Laurdag 24/5

Laurdag 24/05 vert det arrangert dugnad ved Kajakkbua i Bømoen kl 12.00.

Planen er å få vekk ein del kratt og busk for å betra tilkomsten langs elva og klyppa graset rundt Bua. Det trengs òg litt opprydding både inne og ute, og elles andre oppdukkande tiltak. Då får me klargjort for ein ny triveleg sesong.

Me tenkjer å kjøpa inn grillmat dersom veret og lysten er tilstades, og så er det jo alltid moglegheit for ein padletur etterpå!

Ta gjerne med motorsag/ryddesag og ein smule arbeidslyst dersom du har det!

Vel møtt!