Ekstrem ungdom

Er du mellom 15 og 19 år er du invitert til ein fantastisk morosam dag med Ekstremsportveko! Du får prøve ei rekkje spennande aktivitetar, inkludert elvepadling. Du må ikkje kunne noko om sportane frå før av, eller vere tøffaste rabbagasten i klassen for å vere med på dette. Dette er heilt trygg moro for alle vossaungdomar som er interessert i å sjå kva ein kan driva med i bygda.

Den store dagen er 26. mai, og det er kun 50 plassar. Les meir på ekstremsportveko.com.

aktivityday