20210828_130404

Bli ein elveryddar

Saman med Indre Hordaland Miljøverk vil me motivere til å halda elvene våre reine. Svært mykje bos vaskar opp langs elvebredden, og der skal me vere klare for å fjerne boset før det får forurensa vassdraga vidare ned til havet. 

Dette er noko av det du kan gjera:

  • Meld frå om behov for rydding via skjema. Her er oversikt over elvestrekker: Elvestrekker for plastrydding
  • Ta med ein bossekk og plukk når du er på tur. Bossekkar kan du henta frå kajakkbua, det ligg rullar bak trekassa utafor. Hugs å følge tryggleiksplanen!
  • Når du har plukka kan du legga sekk med bos oppi den svarte bosdunken på bua. Sekken kan også leverast gratis på miljøstasjonen til IHM eller i oppsatte bosdunkar som IHM hentar (info om kvar desse vert sett ut kjem snart). 
 

Tryggleik

Tryggleiken i registreringa vert ivareteken av å følgje normale prosedyrar for tryggleik ved ferdsle i elva. Her kjem nokre viktige punkt som bør følgast, men som på ingen måte er meint å vere uttømmande for trygg åtferd:
1. Ikkje padle åleine.
2. Ha nok erfaring og kjennskap til elva og vassføringa du skal ut på. Når du skal utføre andre oppgåver i tillegg til padlinga er det særs viktig at du padlar godt innanfor «komfortsona» (grensene for eigne evner.)
3. Deltakarane i gruppa skal ha trening i elvereding og førstehjelp. Dvs å ha NPF sikkerhetskurs, Rescue3 WRT kurs eller tilsvarande ferdigheitsnivå som desse kursa gjev.
4. Ha med tilstrekkeleg utstyr. Ein skal alltid ha personleg beskyttelsesutstyr, rett bekledning til temperaturen, kasteline, pin kit og telefon.
5. Praktiser god gruppedynamikk. Ha oppsyn med kvarandre. Kommuniser heile vegen. Synfar, sikre og bær ved trong.
6. Ved ulukker må ein gjennomføre redning og førstehjelp, og kontakte naudetatar ved trong. Dersom alle personar er uskadde, men ein kjem ut for noko som kan utløyse redningsaksjonar (mista båt etc), må politiet informerast om dette så raskt som råd.

Les meir om dette prosjektet her: Plan for plastrydding

rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Elveklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer