Elvevern og bruk

Det vert stadig større press på å byggja ut elver og bekkefar. Klubben er svært godt kjend med kva som finst av rennande vatn i bygda. Me har mykje å ta av til fornybar energi, men noko er det viktig å verna. Me jobber med å bevare det som er av størst interesse for vår sport.  NVE sine sider er under konstant overvåkning så ikkje viktige padlestrekker skal forsvinna.

_D9S6176
Biletet over er frå Langedalselva ved Hellesylt, ei perle som diverre er vorten utbygd. Foto: Benjamin Hjort.

Felles interesse og bruk av elva

Noko av det me som padlarar kan gjere for å behalde tilgang til elva og halde den frittrennande i framtida er å vise respekt og omsyn til grunneigarar, bønder, fiskarar og andre brukarar av naturen. Me kan også bidra med å opplyse tilreisande om dette.

Raundalselva

Den største saken me har jobba med til no er Raundalselva. I og med at denne elva er verna vart det landsdekkande engasjement – med reaksjonar internasjonalt.  Saman med Ekstremsportveko og Voss Naturvernlag oppretta me ei nettside raundalselva.com for å samle og tilgjengeliggjera informasjon om saken.

Grunneigarar

Klubben er merksam på konfliktar som har oppstått mellom grunneigarar og padlarar langs ulike elver på Voss. Padlarar som har teke seg til rette med «villcamping», feilparkering og tråkking på jordene. Voss har svært mange tilreisande og det er ikkje mogleg å få oversikt og snakka med alle. Det har vorten satt ut informasjon-skilt på dei mest populære padlestadene og sosiale media vert brukt mykje for å spre informasjon om dette. Slik info vert ofte teke med i artiklar i internasjonale padleblad, og det er teke med ein del om dette i den populære elve guiden Norway Whitewater Guide. Det har også fått ein viktig plass på våre nettsider, sjå her!

Fiske og lakselus

Alle brukarar av elva har eit stort felles ansvar for å unngå overføring av lakselus mellom vassdraga. På Voss har padleklubben tidlegare sett ut desinfeksjons-middel som ein kunne nytta seg av gratis på dei vanlege padleplassane. Ein annan effektiv måte å unngå smitte er å ha heilt turt utstyr når ein kjem frå andre vassdrag, då overlever ikkje parasitten.

Det er også svært viktig å visa omsyn til dei som nyttar elva til fiske. Fiskarar må ofte betale dyrt for å drive sporten sin på bestemte plassar, og dei har ein endå meir begrensa sesong enn oss. Vis omsyn om du ser nokon med fiskestang langs elva.

rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Elveklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer