Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Sommarskulen 2020 – Elvepadling og stisykling

august 10 @ 09:00 - august 14 @ 16:00

Påmelding til sommarskulen

Voss har fantastiske elver og kjekke stiar i vakker natur, som gir heilt unike opplevingar. Siste veke i sommarferien slår me oss saman med Voss MTB klubb og arrangerer tidenes idrettsskule for aldersgruppa 12-18 år! Me brukar halve dagen i elva og halve dagen på stien. Du treng ingen forkunnskapar om elvepadling, men du må kunne sykle på vanleg sykkel, og du må kunne symje.

Prisen inkluderer leige av alt utstyr til elvepadling. Dersom du ikkje har eigen sykkel eller sykkelhjelm kan me hjelpa med å finna tilbod på leige. Du treng ikkje ha fulldempa sykkel her, sjølv om me syklar på sti kan du fint ta kvardags-sykkelen din.

Ynskjer du å knytte nye vennskapsband og oppleve spennande aktivitetar i den vene vestlandsnaturen? Meld deg på no 🙂

Detaljer

Start:
august 10 @ 09:00
Slutt:
august 14 @ 16:00