Laster Hendelser

« All Hendelser

Sommarskule med elvepadling i veke 33 2019

august 12 @ 09:00 - august 16 @ 15:00

Er du glad i vatn og mellom 12-18 år? Då kan du få tidenes oppleving i sommar! Saman med sertifiserte og dyktige instruktørar arrangerer me sommarskule for ungdom i alderen 12-18 år siste veke i sommarferien. Du får utdelt våtdrakt, redningsvest, hjelm, spruttrekk, åre og båt til bruk i padleskulen. Me ordnar også med lunsj og frukt.

Mandag 12. august – fredag 16. august
KL 09.00-15.00

Oppmøte er kl 9 og me held på fram til kl 15 kvar dag. Me kjører to økter med ein god lunsj midt på dagen. På padleskulen får du opplæring i korleis symja og padla i vatn med straum. Me skal leika, bada, padla, dukka, hoppa frå berga og kosa oss i den vakre vassdragsnaturen me har på Voss. I dette miljøet knyttar du heilt spesielle band, og får opplevingar som du tek med deg resten av livet. 

Prisen på 2400,- inkluderer utstyrsleige, instruksjon og lunsj kvar dag. Du som er med på padleskulen får også gratis utstyrsleige til klubbpadling ut året, slik at du kan vere med oss på trening kvar veke utover hausten også dersom dette var noko du har lyst til å prøve ut meir.

Ved spørsmål ta kontakt med siljeskorve@gmail.com eller dag.sandvik@gmail.com

Pris er kr 2400,- Me har nokre plassar til kr 200,- som er satt av til familiar med dårleg økonomi. Ta kontakt.
Påmeldingskjema finn du her

Påmeldingsfirst 1. juni!

Detaljer

Start:
august 12 @ 09:00
Slutt:
august 16 @ 15:00
Hendelse Tags:
,

Sted

voss
Voss, Norge + Google Map