Gåve frå Ekstremsportveko

Overskudd EkstremsportvekoSom ein av fire eigarar av Ekstremsportveko fekk Voss Kajakklubb i går uttdelt kr 65.000,- frå festivalen sitt overskot. Desse går til sårt trengt utstyr til klubben, slik at rekrutteringsprosjektet kan halda fram.

Utdelinga fann stad i lokala til Sparebanken Vest der me fekk god informasjon om korleis me kan søkja om meir midlar i ulike andre fond også.

Ekstremsportveko er eigd av den ideelle stiftinga Ekstreme Voss, representert av Voss Kajakklubb, Voss Hang og Paraglider klubb, Voss Fallskjerm Klubb og Voss Rafting Klubb. Overskotet frå veko går til å driva festivalen – og ein pott går tilbake til klubbane, som bruker dette på å utvikla og forbetre sporten her på Voss.

Tusen takk til alle som bidreg til rekrutteringsprosjektet  – stiller opp på klubbpadling og hjelper nye padlarar i gong! Dette gjer at sporten vår vert synleg og viktig for endå fleir – det gir mange gode grunnar til å ta vare på og verne vår vakre leike plass.

English

As one of four owners of Ekstremsportveko – Voss Kajakklubb yesterday got 65.000,- NOK from the festivals profit. These go to much-needed equipment to the club, so that the sport can continue to grow.

Ekstremsportveko is owned by the non-profit organization “The Ekstreme Voss Foundation.” Voss Rafting Club, Voss Kayak Club, Voss Hang and Paraglider Club and Skydive Voss are the four local clubs who represent Ekstreme Voss. The profit goes to manage and drive the festival, and a pot back to the clubs, which uses this to develop and improve the sport here in Voss.

Thanks to everyone who contributes to the recruitent – shows up at the club paddling and help new kayakers! This makes our sport more visible and important for more people – it gives plenty of reasons to protect our beautiful playground.

Overskudd Ekstremsportveko