Klubb-aktivitet sesongen 2020

Kva skal ein finna på når så mange aktivitar er stengt ned? Her i verdas beste elve-bygd kan me padla i elva, det er er vaaannnvittig deilig å kunna driva med når ein bur på Voss! Været speler ingen rolle, våte i håret vert me uansett.

Denne sesongen set me opp mindre grupper basert på alder og nivå. Bli med på denne heilt fantastiske aktiviteten som du kan ha glede av resten av livet! Når du har fått ditt eige utstyr er elvepadling gratis å driva med. For å koma i gang får du låna utstyr av klubben når du er med på opplegg.

Me deler opp i små grupper basert på alder og nivå: Born/ ungdom og vaksne. Ingen nedre eller øvre aldersgrense, men ein må kunne symja. Obs: Born under 10 år må ha føresette med seg på elva (som også kan ta ansvar for seg sjølv).

Ta kontakt dersom du ynskjer å bli med! styret@vosskajakklubb.com


Å kunne oppleva slike omgjevnader er ei gåve!