Klubbpadling

Klubbpadling er eit tilbod for alle medlem i Voss Kajakklubb. Me følger skuleruta – altså normalt sett ikkje organisert klubbpadling i feriar/fridagar. Me setter opp grupper basert på alder og nivå. Ein må ha teke grunnkurs elv eller tilsvarande for å bli med på klubbpadling (om du var med på klubbpadling sesongen før er det også godkjent).

Me har avgrensa plassar, følg med på facebookgruppa Voss Kajakklubb for tider og påmelding.

Klubbpadling kids

Padling på elv for born og unge. Du får låna det du treng av utstyr. Born under 12 år må ha ansvarlege vaksne med seg på elva (som også kan ta ansvar for seg sjølv).

1000 takk til Gjensidigestiftelsen som gjer ungdomspadling gratis i 2023!


Klubbpadling voksne

Padling for vaksne som har gjennomført grunnkurs elv eller padla minst ein sesong. Klubben har det du treng av utstyr (sjå Utstyrsleige).


Dette gjeld for alle som skal vere med på klubbpadling

  1. Du må vere betalt medlem.
  2. Du må kunne symje.
  3. Om du låner utstyr – ha betalt utstyrsleige ELLER treningsavgift (då er utstyrsleige inkl).

Pakkeliste

  • Ullundertøy
  • Ullsokker
  • Joggesko til å bade med

Dersom det er kaldt i lufta kan det hjelpa med oppvaskanskar (og evt ull inni) på hendene! Og ein termos med varm drikke til etter padling? 😀

Program til våren 2023

Me har klubbpadling for alle over 10 år kvar veke fram til høstferien. Etter det ser me an vær og vannstand og starter evt med innetrening. Påmelding her, treningsavgift kr 100,- dekker alle gongene!

rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Elveklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer