Klubbkonkurranse

Torsdag 3. september arrangerer Voss kajakklubb padlekonkurranse i Nedredelen, Strandaelva. Arrangementet er ope for alle betalande medlem. Dersom du ikkje har betalt medlemsavgift i år, kan du betala kr 300 kontant ved oppmøte.
Konkurranseformat: Me deler inn i to klassar; dei som ynskjer å padla Kvernhusfossen og dei som ynskjer å starta under Kvernhusfossen. Målgang vert etter Tredelinga. Raskaste tid vinn.
Oppmøte: På parkeringa ved put in klokka 17.
Me planlegg to konkurransar til i løpet av hausten, og håpar gamle og nye medlemmer stiller opp! Dersom det vert suksess, satsar me på å utvida «padlecupen» neste sesong.
Vel møtt!