Klargjering av båtar – bassengtrening 2015-2016

Til medlem i VKK som ynskjer å vere med på bassengtrening men manglar båt: Kom på bua i dag kl 17.30 så lagar me nokre båtar klare for innesesongen – me må vaske av lauv etc – deretter lemper me dei inn i transporten og dei forblir innelukka heile sesongen. Slik kan du passa på at du har ein passeleg båt i bassenget. Treningen startar i morgon kl 16 🙂

Members attending poolpractice but missing boat: Stop by bua today at 17.30 and we’ll make a few ready for the indoor season. Pick the boat you want to use and we’ll wash off leafs etc. Traning starts tomorrow at 16 🙂

stotte2013-4

Del på Facebook

NM i slalåmpadling Tronheim 2015

Trondhein Kajakklubb arrangerte i år NM i slalåmpadling. Imponerande innsats frå VKK, sjå resultatliste her:

Resultat NM Slalåmpadling Trondheim 2015

Sjå videorepotasje frå Adresseavisa her.

IMG_8411

Team Voss women på trening

 

 

Gratulera til verdsmeistar Mariann Sæther!

Mariann Sæther vart i helga verdsmeistar i brattpaddling, under det årlege arrangementet Sickline Extreme Kayak Word Championship. Me er svært stolte av å ha verdas beste kvinnelege brattpadlar som medlem i Voss Kajakklubb!

Vossingen Dag Sandvik stilte også til start og gjorde det svært bra i kvalifiserings-runden, der kun få sekund skilde han frå toppen.

Sjå resultatlistene her: http://www.adidas-sickline.com/en/race-info/results/

Topp 3 kvinner

Del på Facebook

Utetrening slutt – innetrening byrjar

Grunna mørkets frembrudd er ute-klubbpadlinga over for denne sesongen. Tusen takk til alle for fine turar i elva! Etter haustferien startar me opp innetrening – fyrste bassengtrening vert Tysdag 13. oktober kl 16.00 – 17.30 på Voss Ungdomskule. Gratis for alle betalande medlem! Sjå reglar m.m. for bassengtreningen her.

Inntil då er det berre å søka opp eskimo roll eller flatwater loop på YouTube 😛

Ps: Heilhjelm er ikkje påkrevd i bassenget 😉

Del på Facebook

Voss Kajakk Klubb tilslutta FNF

Einskilde klubbar og lag kjenner seg ofte makteslause i kampen om å verna om natur og frilufts interesser. FNF (Forum for Natur og Friluftsliv) er eit samarbeid mellom fleire organisasjonar i Noreg – som saman dannar ei motvekt til kapitalsterke utbyggjarar. Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), Friluftsrådenes Landsforbund (FL) og Samarbeidsrådet for naturvernsaker (SRN) står bak etableringen av FNF. Voss Kajakk Klubb er no offisielt tilknytta dette samarbeidet. Les meir om FNF på www.fnf-nett.no.

Individual clubs and teams often feel powerless in the struggle to defend nature and outdoor interests. FNF (Forum for nature and outdoors) is a collaboration between several organizations in Norway which together forms a counterweight to capitalized builders. Voss Kajakk Klubb is now officially a member of this collaboration. Read more about FNF at www.fnf-nett.no

Del på Facebook

Mariann Sæther og Dag Sandvik i VM

To av våre kjære medlem stiller til start i VM i slalåmpadling denne veka. Mariann starter i dag 16.sept kl 12.20 og Dag starter på fredag. Sjå direkte sendinga her:
 

Heia Mariann og Dag!!! Lykke til frå alle oss i klubben!

Del på Facebook

Resultatliste klubbkonkurranse 03.09.15

Tusen takk til alle som stilte som deltakarar, tidtakar, fotografar og heiagjeng! Og takk til Ekstremsportveko for premiar og utlån av startnummer. Me hadde ein strålande ettermiddag i Nedredelen! Vedlagt ligg resultatlista. Bilete vil bli lagt ut etter kvart.

Resultatliste Nedredelen

Del på Facebook

Klubbkonkurranse

Torsdag 3. september arrangerer Voss kajakklubb padlekonkurranse i Nedredelen, Strandaelva. Arrangementet er ope for alle betalande medlem. Dersom du ikkje har betalt medlemsavgift i år, kan du betala kr 300 kontant ved oppmøte.
Konkurranseformat: Me deler inn i to klassar; dei som ynskjer å padla Kvernhusfossen og dei som ynskjer å starta under Kvernhusfossen. Målgang vert etter Tredelinga. Raskaste tid vinn.
Oppmøte: På parkeringa ved put in klokka 17.
Me planlegg to konkurransar til i løpet av hausten, og håpar gamle og nye medlemmer stiller opp! Dersom det vert suksess, satsar me på å utvida «padlecupen» neste sesong.
Vel møtt!

Klubbpadling hausten 2015

Velkomen til haustens fyrste klubbpadling tysdag 25. august! Meir info under klubbpadling.

P6150141

Del på Facebook

Teknikkurs 1. – 2. august

Dag Sandvik held teknikkurs no til helga (1. og 2. august) og det er nokre ledige plassar. Du må ha tatt grunnkurs og kunna rulla for å vera med. Utstyr er det mogeleg å få låna. Oppmøte kl 09.00 på Kajakkbua på laurdag. Pris: kr 1500,-. Dersom du har fleire spørsmål eller vil melda deg på, ta kontakt med Dag på dag.sandvik@gmail.com.