Important info Steine / Tverrelva

Paddlers going to the Tverrelva by Steine  – do not park where the tractor or other farmers machines might have to park or pass. Take some time to find another spot away from the take out – where you don’t get in the farmers way. Here is some more info about how to behave by the rivers – Important information. Following these simple guidelines gives us a better chance to access the rivers and keep them free flowing in the future. Please spread the word! Thank you 🙂

Alle som skal padle i Tverrelva MÅ parkere slik at dei ikkje er i vegen for landbruksmaskiner og arbeidet på garden der oppe. Ta deg tid til å parkere litt unna normal take out på ein plass der du ikkje hindrar bonden. Gje tydleg melding om dette til alle tilreisande som du snakker med. Her er meir info om korleis oppføre seg ved elva – Viktig informasjon. Ved å følge desse retningslinjene har me ein betre sjans til å få tilgang til elva og halde dei frittflytande i framtida. Spre ordet! Takk 🙂

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Steine / Tverrelva – Respect to the farmer!

Klubbpadling 07.07.15

Pga høg vassføring har me beslutta å avlysa klubbpadlinga i dag. Håpar me sjåast att neste veke!

Due to high water levels we have decided to cancel todays club paddling. Hope to see you again next week!

KLUBBPADLING

No startar klubbpadlinga for sesongen! Tysdagar kl 18.00, oppmøte på Kajakkbua. I fyrste omgang vert det 4 tysdagar før me tar sommarferie. Datoar: 16. juni, 30. juni, 7. juli og 14. juli.

Klubben har utstyr til utlån dersom du treng det.
Ta med superundertøy / ullundertøy, ullsokkar og joggesko du kan bruka i elva + eitt handkle.

Klubbpadlinga er eit tilbod til betalande medlem. Alle nivå frå nybyrjar til ekspert er velkomne til å vera med!

Innetrening over for sesongen

Innebassenget stenger for sesongen i dag 1. juni. Meir info om utepadling kjem!

Gåve frå Ekstremsportveko

Overskudd EkstremsportvekoSom ein av fire eigarar av Ekstremsportveko fekk Voss Kajakklubb i går uttdelt kr 65.000,- frå festivalen sitt overskot. Desse går til sårt trengt utstyr til klubben, slik at rekrutteringsprosjektet kan halda fram.

Utdelinga fann stad i lokala til Sparebanken Vest der me fekk god informasjon om korleis me kan søkja om meir midlar i ulike andre fond også.

Ekstremsportveko er eigd av den ideelle stiftinga Ekstreme Voss, representert av Voss Kajakklubb, Voss Hang og Paraglider klubb, Voss Fallskjerm Klubb og Voss Rafting Klubb. Overskotet frå veko går til å driva festivalen – og ein pott går tilbake til klubbane, som bruker dette på å utvikla og forbetre sporten her på Voss.

Tusen takk til alle som bidreg til rekrutteringsprosjektet  – stiller opp på klubbpadling og hjelper nye padlarar i gong! Dette gjer at sporten vår vert synleg og viktig for endå fleir – det gir mange gode grunnar til å ta vare på og verne vår vakre leike plass.

English

As one of four owners of Ekstremsportveko – Voss Kajakklubb yesterday got 65.000,- NOK from the festivals profit. These go to much-needed equipment to the club, so that the sport can continue to grow.

Ekstremsportveko is owned by the non-profit organization “The Ekstreme Voss Foundation.” Voss Rafting Club, Voss Kayak Club, Voss Hang and Paraglider Club and Skydive Voss are the four local clubs who represent Ekstreme Voss. The profit goes to manage and drive the festival, and a pot back to the clubs, which uses this to develop and improve the sport here in Voss.

Thanks to everyone who contributes to the recruitent – shows up at the club paddling and help new kayakers! This makes our sport more visible and important for more people – it gives plenty of reasons to protect our beautiful playground.

Overskudd Ekstremsportveko

Foredrag av kiropraktor Pål Kristian Lindseth

1491781_10153040851660033_6524605619513485911_nKiropraktor og elvepadlar Pål gjentek foredraget han heldt for Ekstremsportveko i forfjor. Det handlar om aktuelle problemstillingar og førebyggande tiltak for elvepadlarar.

Møt på dette om du ynsker å ta vare på kroppen din – så du kan bruke den til å padle med :)

Tid: Tysdag 17. mars kl 19:00

Stad: På loftet til Voss Kiropraktorkontor – Stallgata 10

Ingen bassengtrening i dag 17. feb

På Voss er det vinterferie denne veka og bassenget stengd.

(Biletet under er frå Myrkdalen)

MYRKDALEN-26266-700x433

Del på Facebook

NVE tillet Jordalen kraftverk med vilkår om slepp av vatn

Kraftverket vil påverke nedre padlestrekket i Jordalselva. Dette er eit parti med store, bratte, spektakulære stryk. I NVE sitt vedtak kan du lese om kva som er lagt til grunn, og eit utdrag av bl.a. Voss Kajakklubb si høyringsfråsegn.

Sjå her: Jordalselva Kraftverk – NVEs vedtak.

Eit utval frå dei mange blinkskota i nedre Jordalselva:

jordalen

Eirik Øvreeide og Pål Lindseth

Josh Neilson i nedre Jordalselva

Josh Neilson

Mariann Sæther i nedre Jordalselva

Mariann Sæther

Nedre Jordalselva

Del på Facebook

Bassenget stengt 02. desember

Grunna tekniske problem vert bassenget stengt tysdag 2. desember. Det vert difor ingen innetrening den dagen.

Del på Facebook

NM i slalåm på Voss

Helga 17.-18. oktober vert det Noregsmeistarskap i slalåm padling! Laurdag vert padledag saman og søndag går konkurransen. Me treng nokre frivillige, kom gjerne og padle med oss på laurdagen og sei i frå om du vil hjelpe til på søndagen 🙂 Eller send oss ein epost til mariannsaether@gmail.com.

Vel møtt alle padlarar, frivillige og ikkje minst tilskodarar!

Meir om programmet her.

Del på Facebook