Plan for plastrydding i elvene på Voss

Oversikt over elvestrekker finn du her: Elvestrekker for plastrydding

Introduksjon

I januar 2017 vart det i havet ved Sotra, funne ein kval som seinare måtte avlivast som følge av store mengdar plast i magen. Dei store mengdane plast som vart funne i denne kvalen sjokkerte mange og vekka ein offentleg debatt om plastforsøplinga som føregår over alt i samfunnet og samlar seg i havet. Denne debatten førte i neste rekke til ei rekke initiativ og iverksetjingar av kartlegging og plastrydding over heile Noreg.

Elvene er transportårer for plast, og er såleis viktige områder for rydding av plast. Mykje av plasten som hamnar på avvege får ein midlertidig stopp i bakevjer, kulpar og vegetasjon langs elvebreidden. Her kan ein finne store mengder på eit tidleg tidspunkt, før det er nådd havet og går inn i det høgt belasta økosystemet der. Elvepadlarar har kunnskap om og naudsynte ferdigheiter for ferdsel i elvene, og elvepadlarar har djup erfaring med miljømessig tilstand i elvene.
Våren 2018 har Voss Kajakklubb, Kajakkskulen Kayak Voss DA og og den interkommunale renovasjons verksemda Indre Hordaland Miljøverk (IHM) starta eit samarbeid for å rydde søppel i elvene på Voss. Målet er å kartlegge kvar søppelet har samla seg for så å koordinere ein dugnad for innsamling. Dugnaden er tenkt å ha ein stor felles innsats, der klubben nyttar ein dag til å rydde eit eller fleire særs forsøpla elvestrekker. Dugnaden er også tenkt å opne for mange små ryddeprosjekt der små, uformelle grupper av klubbmedlemmar kan gjere ein innsats, der dei ynskjer, når dei ynskjer. Som eit ledd i planlegging og tilrettelegging for desse ryddeprosjekta, er dette doukumentet vorte laga for å skildre metode og tryggleik i arbeidet.

Forfattaren av dokumentet har bakgrunn som veileder i NPF, tryggleiksansvarleg for kajakk under Ekstremsportveko samt virke som dagleg leiar for kajakkskulen Kayak Voss. Dokumentet er skrive i samarbeid med IHM og Voss Kajakklubb.

Organisering og ansvar

Dette dokumentet er skrive på oppdrag frå IHM. Hverken forfattar eller nokon av dei refererte organisasjonane stiller seg til ansvar for den enkelte deltakar sine handlingar. Tryggleiksprosedyrane som er skildra er rettleiande, og ikkje uttømmande eller absolutte. Kayak Voss forfattar denne planen, Voss Kajakklubb vil organisere dugnad og IHM stiller med utstyr og innsats for endeleg søppelhandtering.

Metode for kartlegging

For å gjere ryddeinnsatsen målretta og mest mulig effektiv, er det lurt å gjere ein enkel kartlegging av forsøplinga. Denne kartlegginga kan gjerast ved å padle alle dei aktuelle elvestrekkene, og gjere enkle dokumentasjonar av kva og kvar ein gjer funn. Det er ikkje føremålsteneleg å gjere detaljerte markeringar av kva ein finn. Førebels vil eg tilrå å padle det strekket ein skal kartelegge, og forsøke å gjere eit anslag av den totale mengda søppel ein observerer på veg ned delt inn i 4 kategoriar A) Ikkje søppel/ berre nokre få objekt observert B) Små mengder søppel (totalt ikkje meir enn at ein kan klare seg med 1-2 søppelsekkar) C) Mykje søppel (Totalt meir søppel enn ein kan romme i 2 søppelsekkar) D) Særs mykje søppel (områder som eigner seg for fellesdugnad og innleiging av konteiner etc. I tillegg bør ein fotografera og presist lokalisera dei bakevjene e.l. som har spesielt store ansamlingar av søppel. Av di registreringa munnar ut i skjønnsbaserte kategoriar er det ein fordel om registreringa vert gjort av eit lite antal observatørar som kan vere konsistente i registreringa.

Registreringa av dei ulike elvestrekka må så sameinast i eit dokument som er tilgjengeleg for dei som vil ut å rydda. Basert på registreringa kan Voss Kajakklubb avgjerde kvar dei vil ha fellesdugnad, og medlemer kan sjå kvar dei vil legge ned sin innsats dersom dei vil ut på mindre oppdrag. Dokumentet bør vere ope for redigering etter kvart som deltakarane ryddar.

Tryggleik

Tryggleiken i registreringa vert ivareteken av å følgje normale prosedyrar for tryggleik ved ferdsle i elva. Her kjem nokre viktige punkt som bør følgast, men som på ingen måte er meint å vere uttømmande for trygg åtferd:
1. Ikkje padle åleine.
2. Ha nok erfaring og kjennskap til elva og vassføringa du skal ut på. Når du skal utføre andre oppgåver i tillegg til padlinga er det særs viktig at du padlar godt innanfor «komfortsona» (grensene for eigne evner.)
3. Deltakarane i gruppa skal ha trening i elvereding og førstehjelp. Dvs å ha NPF sikkerhetskurs, Rescue3 WRT kurs eller tilsvarande ferdigheitsnivå som desse kursa gjev.
4. Ha med tilstrekkeleg utstyr. Ein skal alltid ha personleg beskyttelsesutstyr, rett bekledning til temperaturen, kasteline, pin kit og telefon.
5. Praktiser god gruppedynamikk. Ha oppsyn med kvarandre. Kommuniser heile vegen. Synfar, sikre og bær ved trong.
6. Ved ulukker må ein gjennomføre redning og førstehjelp, og kontakte naudetatar ved trong. Dersom alle personar er uskadde, men ein kjem ut for noko som kan utløyse redningsaksjonar (mista båt etc), må politiet informerast om dette så raskt som råd.

Metode for turar med «smårydding»

Ved mindre ryddeturar kan grupper av medlemar i kajakklubben velge seg ut elvestrekker som dei vil rydde. Val av elvestrekk bør basere seg på ein vurdering av strekker ein kan padle med rådande tilhøve og ferdigheiter, samt kvar det trengs rydding. Rydding vert ofte lettare ved middels til låg vassføring. Hugs at eigen tryggleik alltid er første prioritet. Slik kan ryddeturen organiserast:
1. Finn ein gjeng som vil rydde.
2. Vurder ryddedokumentet, vassføring og gruppa sine evner for å velge elvestrekk.
3. Hent ut ryddesekkar på kajakkbua, og padle aktuelt elvestrekke.
4. Rydd og transporter boset i ryddesekkane for å få med alt og ikkje miste søppel.
5. Etter endt tur sorterer ein avfallet og leverer det hjå IHM. Dersom sortering ikkje er mogeleg, er det alltid betre å få søppelet ut av elva som restavfall enn at det vert liggande i naturen. Ved innkjøring på avfallsmottaket oppgir ein Voss Kajakklubb sin ryddedugnad som referanse for gratis levering av avfall. Venligst ikkje kast hageavfall, det gamle kjøkkenet ditt eller anna personleg skrot under «falskt flagg». Då undergrev me verdien av dugnaden.

Ryddeturen må gjennomførast med bruk av vanlege tryggleiksprosedyrar. Viktige (men ikkje uttømmande) tiltak er:
1. Ikkje padle åleine.
2. Ha nok erfaring og kjennskap til elva og vassføringa du skal ut på. Når du skal utføre andre oppgåver i tillegg til padlinga er det særs viktig at du padlar godt innanfor «komfortsona» (grensene for eigne evner.)
3. Deltakarane i gruppa bør ha trening i elvereding og førstehjelp v padling på meir enn grad 2. Dvs å ha NPF sikkerhetskurs, Rescue3 WRT kurs eller tilsvarande ferdigheitsnivå som desse kursa gjev. På grad 2 bør det minst vere ein reddingsdyktig padlar med.
4. Ha med tilstrekkeleg utstyr. Ein skal alltid ha personleg beskyttelsesutstyr, rett bekledning til temperaturen, kasteline, pin kit og telefon.
5. Praktiser god gruppedynamikk. Ha oppsyn med kvarandre. Kommuniser heile vegen. Synfar, sikre og bær ved trong.
6. Ved ulukker må ein gjennomføre redning og førstehjelp, og kontakte naudetatar ved trong. Dersom alle personar er uskadde, men ein kjem ut for noko som kan utløyse redningsaksjonar (mista båt etc), må politiet informerast om dette så raskt som råd.Når ein finn bos, bør ein eller fleire personar gå på land for å kunne gjennomføre rydding utan å flyte i vatnet med ope spruttrekk.
7. Boset bør lagrast i posane og bak setet ved padling. Det er viktig å ungå søppel i sittebrønnen som kan hindre deg i å komme ut av kajakken ved behov. Ein må også laste søppelet slik at ein sikrar tilgang til tryggleiksutstyr som kasteline og pin-kit.
8. Ikkje plukk med meir enn du trygt kan transportere ut. Hugs at kajakken endrar eigenskapar ved tung lasting.
9. Bruk dei tryggleiksprosedyrar du ellers meiner er naudsynt for trygg padling.

Metode for «storrydding»

Val av elvestrekke som skal ryddast, samt plan for gjennomføring må fattast av styret i VKK. Her bør ein ta omsyn til kva tid, mannskap og utstyr som trengs i høve til kvar ein skal rydde og kva mengder ein skal rydde. Det kan vere føremålsteneleg å nytte ein raft til uttransportering av søppel, eller å vurdere om transport via land kan vere det mest effektive.
I god tid før dugnaden bør IHM kontaktast for å evt å køyre ut ein container, eller for å få ut nok ryddesekkar.
Dugnaden må gjennomførast med bruk av vanlege tryggleiksprosedyrar. Viktige (men ikkje uttømmande) tiltak er:
1. Ein bør oppnemne ein leiar for prosjektet som kan ta overoppsyn med at arbeidet vert gjennomført på ein trygg måte.
2. Kvar enkelt deltakar er ansvarleg for å utstyre seg rett, og opptre etter vanlege tryggleiksprosedyrer.
3. Dersom ein nyttar raft til ryddinga, bør denne styrast av ein person med opplæring og erfaring frå raftguiding.
4. Innsatsen bør delast inn slik at dei som er på elva har gjennomført NPF «grunnkurs» og har ei trygg rulle. VKK si vidarekomne gruppe og oppover, er godt eigna til å vere i kajakk. Dersom graderinga av elv tilseier høgare ferdigheiter må dette takast omsyn til.
5. Når ein finn bos, bør ein eller fleire personar gå på land for å kunne gjennomføre rydding utan å flyte i vatnet med ope spruttrekk.
6. Boset bør lagrast i posane og bak setet ved padling. Det er viktig å ungå søppel i sittebrønnen som kan hindre deg i å komme ut av kajakken ved behov. Ein må også laste søppelet slik at ein sikrar tilgang til tryggleiksutstyr som kasteline og pin-kit.
7. Ikkje plukk med meir enn du trygt kan transportere ut. Hugs at kajakken endrar eigenskapar ved lasting.

Lukke til med arbeidet

Me vonar mange vil bidra til dette arbeidet og at vårt eksempel, våre erfaringar og planar kan vere til inspirasjon og nytte for andre elvesportorganisasjonar. Alle innspel og tilbakemeldingar til denne planen og den praktiske gjennomføringa vert motteke med takk, og kan sendast til forfattaren (dag.sandvik@gmail.com) eller leiar i kajakklubben (siljeskorve@gmail.com ).