Sommarleir med elvepadling

Har du lyst å leike i vatnet i sommar?

I sommar held Voss Kajakklubb sommarleir for ungdom i alderen 14-19 år. Her vil du læra å padle kajakk i elva, oppleve det fantastiske friluftslivet som skogen rundt raundalselva kan by på, og bli kjend med andre ungdom med sans for å driva med spennande aktivitetar ute i naturen.

I Bømoen har me alt tilgjengeleg for ei fin veke med paddling på både flattvatn og i elv, og andre friluftsaktivetar. Leiren inkluderer overnatting, mat og mykje kjekk og spennande aktivitet frå mandag til torsdag. Voss Kajakklubb har alt utstyr som trengs, og deltakarane treng berre å stille med vanlege klede og det ein treng til 4 dagar med overnatting i brakkene i leiren i Bømoen.

Stad: Bømoen Leir
Tid: 30. juli – 2. august 2018
Aldersgruppe: 14 – 19 år
Forkunnskapar: Må kunne symje
Pris: kr 2900,-

Me har sertifiserte instruktørar frå Norges Padleforbund, og deltakarane vil få utdelt Våttkort.

Me har avgrensa plassar så skunda deg å melde deg på!

Meld deg på her


Har du spørsmål? Send ein epost til Dag 🙂 dag.sandvik@gmail.com