Oppstart klubbpadling vårsesongen 2019
Vi kicker sesongen i gang med en real dugnad førstkommende mandag (13.05) kl 16-19 (kom når du kan) ved Kajakkbua (Bømoen).
Kajakkene trenger litt kjærleik (etterstramming av skruer, nye strikker, propper osv). Ta med kasteline og enkelt verktøy om du har. Blir vi fort ferdig, blir det kastelineøving/konkurranse. Kake blir og servert! Alle, både nybegynnere og andre, er hjertelig velkommen til å bli med 🙂
Takk for opplevingane i 2017!
Tusen takk alle saman for ein fantastisk sesong med nye og gamle padlarar, store som små! Me har hatt fast trening tre gonger i veka for alle nivå, og medlemmene har vore flinke å ta kvarandre med på frie turar i helgene innad i gruppene. Me vil retta ei stor takk til dei frivillige, engasjerte instruktørane og hjelpeinstruktørane, og alle som har bidratt på sine måtar!
Me har også ein forbetra utstyrspark som har gjort at me kunne ta i mot endå fleire nye padlarar, dette hadde ikkje vore mogleg utan stønad frå Sparebanken Vest, og gode prisar frå Strie Stømmer – hjarteleg takk frå alle oss i Voss Kajakklubb!
Her kjem sesongavslutningsdiktet av Team M&M (Martin og Marita):
Ein gjeng så smilande og vell
Me har padla til seint på kveld
me har kasta line, kall det taug
forsert mang ein bølge med vår baug
Me har tørka drakt, kajakk og tårar
Me har prøvd høgre og venstrevridde årar
Me har kjørt til basseng, Vetlavatnet, raftingen og Bjørke
no skal kajakkane for vinteren få tørke
takk for hyggelege stundar på elva
takk til dei som har hjelpt til med dei som kvelva
takk for ein herleg gjeng med lystige folk
for å skjønne at elvepadling skapar glede treng me ikkje tolk
ha ein flott vinter, gå mykje i fjell og sjå
at ein ny padlesesong til våren du vil få
Team M&M er særs takknemlige for all hjelp me har fått
å driva dette tilbodet var rett og slett flott!
I November startar me opp innetrening i Vossabadet. Diverre får me ikkje bruka kajakkar der, men me legg opp til andre kjekke vassaktivitetar gjennom denne vinteren. Fyrste gong vert tysdag 7. november. Følg med her for info!
Klubbpading 2016
Neste klubbpadling vert i kveld kl 17.30 på bua. Fylg med på Facebook Voss Kajakklubb vår for oppdateringar!
Klargjering av båtar – bassengtrening 2015-2016
Til medlem i VKK som ynskjer å vere med på bassengtrening men manglar båt: Kom på bua i dag kl 17.30 så lagar me nokre båtar klare for innesesongen – me må vaske av lauv etc – deretter lemper me dei inn i transporten og dei forblir innelukka heile sesongen. Slik kan du passa på at du har ein passeleg båt i bassenget. Treningen startar i morgon kl 16 🙂
Members attending poolpractice but missing boat: Stop by bua today at 17.30 and we’ll make a few ready for the indoor season. Pick the boat you want to use and we’ll wash off leafs etc. Traning starts tomorrow at 16 🙂
Klubbpadling hausten 2015
Velkomen til haustens fyrste klubbpadling tysdag 25. august! Meir info under klubbpadling.
Bassengtrening hausten 2014
Me satsar på å starte bassengtrening fyrste tysdag etter hausteferien! Samme tider som før, tirsdagar kl 16-17.30. Sjå her!
Me er ein liten gjeng som rullerer på å ha ansvaret der nede. Er det fleire som vil vere med på det? Send oss ein snøggpost på styret@vosskajakklubb.com.
Sesongslutt 2014
Dagane vert kortare og elva kaldare. Klubbpadlingen ute er over for i år. Takk for ein fantastisk kjekk sesong med mange glade padlarar! Neste klubbpadling vert innandørs, me kjem tilbake med informasjon om bassengtrening! I mellomtida kan du sjå på rullevideoar og andre leiketriks på youtube og glede deg til å teste i bassenget!
Klubbpadling og utebasseng
Klubbpadlingen fortset som vanleg denne veka, tirsdag og torsdag kl 18.00 på Bua.
Me har også leigd uteabassenget denne veka (1. og 3. juli). Møt til klubbpadling som vanleg kl 18 for å hente utstyr og me orger køyring ned. Me har bassenget kl 18.30 – 20.30. Nicole Dube stiller som instruktør. Ps: Det ligg liste over betalande medlem i luka, pass på at du står på lista 🙂
Meir om klubbpadling her.
Club paddling continue as usual this week, Tuesday and Thursday at 18:00 at Bua.
We have also hired the outdoor pool this week (1st and 3rd July). Meet at the club paddling as usual at 18 to retrieve equipment and we organize transport from there. We have the pool from 18.30 to 20.30. Nicole Dube runs the pool sessions. Ps: Make sure you are on the list of paying members of Voss Kajakk Klubb 🙂
More about the club paddling here.

Photo: Lucie Sediva
Velkomen til Klubbpadling 2014!
Fyrstkomande tysdag kl 18 vert sesongens fyrste klubbpadling! Me vil halda det gåande til midten av september. Sjå meir info under Klubbpadling.
Velkomen!
Siste orgainserte klubbpadling
Da var siste fast organiserte klubbpadling gjennomført for sesongen, vi var totalt 22 stk på vannet, 2 nye medlemmer, 20 stk som padlet til Palmafossen. I denne anledning vil jeg takke alle dere som har gjort dette mulig å gjennomføre og hilse i fra alle nye elvepadlere en stor takk til dere alle, ingen nevnt ingen glemt, TAKK:-) Kommer tilbake med mer informasjon ang klubbaktiviteten vår her på vår hjemmeside. (mer…)