Sikkerhetskurs NPF

Veko før veko vert det NPF-godkjent sikkerhetskurs på Voss. Medlem av Voss Kajakklubb betalar kun kr 600,- Dei som hjelper til på klubbpadling kan avtale å få det gratis 🙂

Tid: Tirsdag, onsdag, torsdag kl  16:00 – 21:00 

Første dag er på land, dei to neste primært på elva. Ta følgande til alle dagar:

  • høveleg med mat og drikke (noko varmt?)
  • noko å skrive med og på
  • kasteline
  • pin kit (dersom du eig)
  • kniv
  • førstehjelpssett(dersom du eig)
  • klede til å vere ute på land
  • Dei to siste dagana må du også ha med padleutstyr med bekledning som er høveleg til mykje symjing i elva (her er det ganske kaldt).

Møt opp ved kajakkbua. Spørsmål kan sendast til dag.sandvik@gmail.com. Ingen spørsmål er dumme.

NB! Me har nerre 10 plassar. Påmelding her: https://våttkort.no/Event/Dicipline/1 

Aktivitetslederkurs på Voss

Kayak Voss vil halde aktivitetslederkurs for NPF på Voss helga den 26.-27.juli. Aktivitetslederkurset utdanner deg til å kunne leie grunnkurs elv, samt leie klubbaktivitet o.a. på opp til grad 3. Kurset vil ha ein dag med praktisk trening i rettleiing av nybegynnarar samt ein dag med trening på redning og gruppedynamikk i stressande situasjonar. I tillegg vert det nokre kortare teoriøkter. Generell info om kursa finn du her: http://www.padling.no/grener/Elvepadling/Kurs/Sider/Kurs.aspx

I samband med kurset vert det sett av to dagar i forkant til eit teknikk- eller eit sikkerhetskurs. Dette er fordi eg har fått melding om at me har deltakarar som manglar eit av desse opptakskrava. Her er det mulig at me kan få begge deler dersom det vert naudsynt.

Prisen for aktivitetslederkurset er 1200 per VKK/BSI medlem og 1500 for andre deltakarar.

Vel møtt til kurs!

Du kan melda deg på gjennom dette skjemaet på våttkort.no. Spørsmål kan sendast til Dag Sandvik.

Kurs på Voss!

No til helga, 21. og 22. juni, vert det halde NPF sikkerhetskurs på Voss for dei som er interesserte. Prisen for kurset er 1500,- per pers og 1200,- per VKK og BSI medlem. Krav til deltaking er gjennomført grunnkurs og ferdigheter tilsvarande ein sesong padling. Arrangør av kurset er Kayak Voss, og påmelding og info om våre kurs kan de finne på denne nettsida: http://www.kayakvoss.com/courses-2014/

14 dagar etter vert det halde teknikkurs på Voss. Altså den 5. og 6. juli. Her er det NPF som er arrangør, og prisen er 1500 for alle deltakarar. Påmelding skjer via våttkort.no

ungdomskurs