Aktivitetsdag for ungdom – Ekstremsportveko 2013

dsc00537-2 mb

Søndag 26. mai arrangerte Ekstremsportveko og dei 4 stiftingsklubbane aktivitetsdag for ungdom frå 15-19 år. 42 ungdommar fekk prøva padling, rafting, paragliding og vindtunnellen. Me padla ved Voss raftingsenter og hadde ein fin dag i sola!

Andy Phillips, Mads Rio, Jamie Sutton og Liv Kari Reisæter stilte som instruktørar. Arild Tvilde/Voss folkehøgskule og Mads Rio/Vått & Vilt lånte ut utstyr. Takk!

Ekstrem ungdom

Er du mellom 15 og 19 år er du invitert til ein fantastisk morosam dag med Ekstremsportveko! Du får prøve ei rekkje spennande aktivitetar, inkludert elvepadling. Du må ikkje kunne noko om sportane frå før av, eller vere tøffaste rabbagasten i klassen for å vere med på dette. Dette er heilt trygg moro for alle vossaungdomar som er interessert i å sjå kva ein kan driva med i bygda. (mer…)

Ungdomspadling med Kayak Voss

Kayak Voss fortset suksessen med å tilby vossaungdomen introkurs i elvepadling! Fjorårets kurs var svært populært og me ser fram til å sjå dei att i den komande sesongen. (mer…)

Del på Facebook