Takk for opplevingane i 2017!

Tusen takk alle saman for ein fantastisk sesong med nye og gamle padlarar, store som små! Me har hatt fast trening tre gonger i veka for alle nivå, og medlemmene har vore flinke å ta kvarandre med på frie turar i helgene innad i gruppene. Me vil retta ei stor takk til dei frivillige, engasjerte instruktørane og hjelpeinstruktørane, og alle som har bidratt på sine måtar! 

Me har også ein forbetra utstyrspark som har gjort at me kunne ta i mot endå fleire nye padlarar, dette hadde ikkje vore mogleg utan stønad frå Sparebanken Vest, og gode prisar frå Strie Stømmer – hjarteleg takk frå alle oss i Voss Kajakklubb!

Her kjem sesongavslutningsdiktet av Team M&M (Martin og Marita):

Ein gjeng så smilande og vell
Me har padla til seint på kveld
me har kasta line, kall det taug
forsert mang ein bølge med vår baug

Me har tørka drakt, kajakk og tårar
Me har prøvd høgre og venstrevridde årar
Me har kjørt til basseng, Vetlavatnet, raftingen og Bjørke
no skal kajakkane for vinteren få tørke

takk for hyggelege stundar på elva
takk til dei som har hjelpt til med dei som kvelva
takk for ein herleg gjeng med lystige folk
for å skjønne at elvepadling skapar glede treng me ikkje tolk

ha ein flott vinter, gå mykje i fjell og sjå
at ein ny padlesesong til våren du vil få
Team M&M er særs takknemlige for all hjelp me har fått
å driva dette tilbodet var rett og slett flott!

I November startar me opp innetrening i Vossabadet. Diverre får me ikkje bruka kajakkar der, men me legg opp til andre kjekke vassaktivitetar gjennom denne vinteren. Fyrste gong vert tysdag 7. november. Følg med her for info!

Del på Facebook