Terminliste Voss Kajakklubb 2018

Her er planlagte hendingar for medlem i Voss Kajakklubb 2018. Terminlista kan bli oppdatert med nye hendingar etterkvart!

Vinter

Påske

  • Klubbtur til Soca: Bli med vår eminente instruktør og guide Derek Murphy på tur til den vakre elva Soca! Dette er ein verdensklassikar som har flotte forhold for alle nivå! Derek orger med overnatting,  transport og utstyr om du treng det. Få ein kickstart på sesongen – kan du rulle kan du bli med! Påmeldingsfrist er onsdag 24. januar. Les meir her: https://www.facebook.com/events/1396029297192695/

Vår

  • Klubbpadling: Me startar opp klubbpadling ute etter at me har slutta av i bassenget 2. mai. Meir info kjem!
  • 17. mai: Me går i tog og et is, og kanskje det dannar seg nokre padlekonstellasjonar i løpet av dagen. Her er hurraropet vårt:
    Elv og vatn, bekk og foss,
    Vil du leike? Bli med oss!
    Paradiset vårt er Voss!
    Hurra, hurra, HURRAA! 

Sommar

Haust

  • Klubbpadling: Me stsar på å starte opp etter skuleferien. Meir info kjem!
  • Klubbtur: Vår eminente instruktør og guide Martin Ensink tek med klubben til sine heimtrakter i Valdres, ei helg i løpet av september. Meir info kjem!