Trening i utebassenget 2019

(English below)

Obs: Fyrste gongen Torsdag 4. juli møtes me på Bua kl 16.30 for å plukke båtar, vaske dei og køyre dei ned til bassenget.

Torsdag etter veko (4. juli) startar me opp bassengtrening i utebassenget. Me har bassenget for oss sjølve kvar torsdag frå kl 18-19 heile sesongen. Klubben har frivillige instruktørar på plass, og dette er eit gratis tilbod til medlemmene våre – eller så kostar det kr 100,- for drop in. Dersom du har litt padleskills og har lyst å hjelpe til blir me svært takksame, gi beskjed når du kjem eller send oss ei mld på førehand til styret@vosskajakklubb.com. 🙂

Me kjem til å ha nokre fulle sett liggande med båtar, trekk og årer slik at ein kan koma utan eige utstyr. Tek du med eige utstyr skal dette vere gullande reint og vaska med klor. Ver også reinsleg i garderobe og rundt bassenget slik at me kan fortsetja å ha dette glimrande tilbodet.


Obs: On the first session Thursday July 4 we meet at Bua at 4.30 pm to pick boats, wash them and transport them to the pool.

We are starting pool-practice in the outdoor pool by Voss Camping on Thursday July 4. The club will have the pool all to ourselves every Thursday from 6pm – 7pm. Instuctors are helping out for free, and the entrance is free for members. Others pay NOK 100,- for drop-in. If you already have some skills we are thrilled to get more people helping out, give us a shout on styret@vosskajakklub.com 🙂

We have full sets of kayaks, paddles and sprayskirts by the pool so you do not need to bring own equipment. If you do bring your own it needs to be 100% clean and washed with chlorine.

Photo: Lucie Sediva