Viktig informasjon!

Her får du nokre tips til korleis du skal oppføre deg som eit godt friluftsmenneske. Me ynskjer deg flotte opplevingar i dei vakre elvene på Voss. Vis omsyn til grunneigarar og andre brukarar av naturen, og nyt det gode livet på elva!

Friluftslova

Du har kanskje høyrd om allemannsretten som er nedteikna i friluftslova av 1957? Denne lova gjev
oss fridom til å ferdast, oppleve og overnatte i naturen i Noreg. Lova gjev oss ei rekke rettar når det
kjem til ferdsle i utmark, men den set også krav til deg som nyttar naturen.

Me ber deg om å vere merksam på fylgjande punkt:

  • Parker ikkje i private innkøyrsler eller stader der bilen kan stå i vegen for andre bilar eller landbruksmaskiner.
  • Gå ikkje over dyrka mark, inngjerda område eller hagar.
  • Respekter menneska som bur og arbeider der me padler.
  • Betal bompengar og parkeringsavgift.
  • Unngå å spreie lakselus. Tørk eller desinfiser utstyret ditt når du flytter deg mellom vassdrag.
  • Skal du telte, set opp teltet ditt minimum 150m frå næraste hytte eller hus.
  • Du har ikkje lov til å verte buande meir enn to netter på same plass.
  • Legg ikkje att bos eller toalettpapir.
  • Tenk over kvar du gjer frå deg. Andre bruker naturen også!
  • Vis varsemd ved bålbrenning, det er ikkje lov å tenne bål i skogen frå 15. april til 15. september.
  • Kontakt politiet dersom du mister båten din eller er med i ein redningsaksjon. Då slepp me utrykkingar på grunn av uroa vitne som ringer naudtelefonen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA