Vintertrening 2017/2018

Medlem i Voss Kajakklubb får bruke stupebassenget på laurdagar kl 9-10 som ei prøveordning fram til jul. Me vil ha aktivitetar som stuping, fridykking, undervannsrugby og noko livredning for å halde viktige funksjonar ved like til våren atter kjem.

Viktig: Møt opp kl 08:57. Badeverten slepp oss gjennom i samla flokk.
Er du ikkje på klubben si medlemsliste eller kjem for seint kjem du ikkje inn.

Sjekk at du står på medlemslista her: Medlem 2017 VKK – Google Docs

Me har stupebassenget for oss sjølve fram til kl 10, så åpnar badet for andre. Symjeklubben har trening store-bassenget. For at kajakklubben skal få bruke bassenget i framtida er det særs viktig at me følger reglane til Vossabadet, les dei her: http://vossabadet.no/badereglar/

Fyrstkomande laurdag vert intro til stuping. Velkomen! 😀

Del på Facebook