Bassengtrening

Vinter 2021 – Grunna smittevern har bassenget eit strengt smittevern-regime som går på antal i basseng og garderobe. Meld kva dagar du ynskjer å bli med, så sender me deg påmeldingslink for den/dei dagane, då får alle  mulighet til minst ei gong i bassenget, og me kan sette opp fleire:

Obs: Me sender berre ut til aktive medlem, du kan melde deg inn her: Bli medlem

Bassengtrening er eit tilbod til medlem som me vanlegvis køyrer i vintersesongen. Her kan nye padlarar lære basistak og rulle i trygge omgjevnader medan dei meir erfarne har høve til å halde rusten borte frå padleformen.

Dersom me skal få fortsette å ha tilgang til bassenget må passa å halda garderobane reine (altså tørk av evt skitne sko og kle før ein går inn, ta av skoene i gangen)

Klubben stiller med eit utval reine båter, årer og trekk. Det er ikkje mogleg å ta inn eige utstyr i bassenget. Du treng altså berre ta med badeklede.

Me har avgrensa plassar på bassengtrening, påmeldingslink vert sendt ut til registrerte medlem.

Dag Sandvik opp ned
rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Kajakklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer