Ekstremsportveko 2019!

Snart brakar det laus med ei 7 dagar lang padle, fest og moro -veke, som ALLE kan bli med på! OG me åpnar veko med ein ekstra klubbpadling no på søndag.

Søndag kl 14.45

Klubbpadling med special surprise! Dei som må låne utstyr møter på Kajakkbua kl 14.45.

Har du eige utstyr kan du møte på Tvildemoen ved Magasinet kl 15.30.
Urban padling ned til Vangsvatnet. Herjing og rulling her for dei som vil. Me må opp av vatnet kl 16.45 ved Minigolfen for då byrjar luft-showet! Hugs å ta med tørre klede i shuttlebilen! Bilen går oppatt kl 19.

Søndag kl 17

Opnigs-seremoni! Me skal gå i padletog og møter bak Minigolfen kl 17.
https://ekstremsportveko.com/festival/events-arena/opening-show/

Mandag – Onsdag

Bli med padleproffane og få tips og triks på elva! Fokuset er padleteknikk, og me skal vere på enkelt farvatn, men det er krav om å kunne rulle. Du må også ha med eige utstyr (klubben sitt utstyr er i bruk til kurs desse dagane). https://ekstremsportveko.com/sports/kayaking/ww-clinics/

Torsdag – Fredag

Me arrangerer EM i brattpadling! Nokre av dei beste padlarane i verda kan du sjå konkurrera om å padla fortast ned elva. Avhengig av vannstand vert det i Brandsetelva eller i Myrkdalselva, og me treng heiagjeng til dei lokale heltane våre! Dei beste fråd ene konkurransen vert invitert til ein endå hardare konkurranse på fredag.https://ekstremsportveko.com/sports/kayaking/branseth/

Laurdag 29. juni

Bli med på Head to head ved Voss Mylna! Her er det rolegare vatn enn lengre opp i Strandaelva slik at fleire kan bli med. Bli med 😀

Etter H2H starter alle samtidig, og me padlar saman (eller nokon padlar så fort dei kan) ned til Tintrabrua, med nokre oppgåver på vegen. Dette er enkelt padling og alle som har vore på klubbpadling i år kan bli med på dette! https://ekstremsportveko.com/sports/kayaking/mass-start/ https://ekstremsportveko.com/sports/kayaking/mass-start/
Til dette er det også mogleg å låne utstyr frå klubben! Dei som treng det gir beskjed og så ordnar me det om morgonen.

Kl 18 samlast me til felles grilling ved Outdoor Norway, før det vert premieutdeling, dagens video og ein heidundranes fest i teltet.

Heile kajakkprogrammet finn du her:
https://ekstremsportveko.com/sports/kayaking/

Photo: John Vint Photography | http://www.jvphoto.no
Posta i
rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Elveklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer