Laster Arrangementer

Friluftsliv med elvesport – etterskule program

Oppstart: 25. mai

Ungdomsprogram – tysdagar / onsdagar

Bli med og leik i vassdragsnaturen på Voss! Sertifiserte instruktørar tek deg med på kjekke opplevingar i verdas finaste elver. Dette får du læra om, og du kan venta deg ein sommarferie med fleire moglegheiter enn du visste at du hadde:

  • Elvesportane elvepadling og rafting
  • Trygg ferdsle i og ved vassdraget
  • Symjing og eigenredning utandørs / i kaldt vatn
  • Førstehjelp og å ta vare på kvarandre i naturen

Kva tid?

Me har to ulike grupper:

  • Tysdagar kl 16.30 – 18.30. Oppstart 25 mai.
  • Onsdagar kl 15.30 – 17.30. Oppstart 26. mai

4 veker fram til sommarferien. Du kan melde deg på berre den eine, eller begge dagar!

Kven kan vere med?

Dette programmet er for ungdom i ungdomsskule-alder.

Kva koster det?

Pris: 100,- kr for 4 gonger (medlemspris)

Om du melder deg på som nytt medlem dekker avgifta både påmelding og kontigent for 2021. Her kan du sjå litt kva anna du får som medlem: https://vosskajakklubb.com/bli-medlem/

Du får alt du treng av utstyr frå oss. Ta gjerne med våtdrakt dersom du har, elles tek du berre med ullundertøy / badekle.

Spørsmål kan sendast til hei@vosskajakklubb.com 

 

Tickets

The numbers below include tickets for this event already in your cart. Clicking "Get Tickets" will allow you to edit any existing attendee information as well as change ticket quantities.
Tickets are no longer available

Detaljer

Dato:
25. mai
Kostnad:
100
Kategorier for Arrangement:
,
Arrangement Tags:

Sted

Kajakkbua Tvildemoen
Magasinvegen 26
Voss, 5700 Norge
+ Google-kart

Legg til i din kalender:

Kommende arrangementer:

rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Kajakklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer