Laster Arrangementer

Sommarskule med elveleik 2021

9. august @ 09:00 - 13. august @ 15:00

Oppdatering: Påmelding til sommarskulen i veke 32 er full, og me satt opp ei veke til, i veke 31. No er påmeldinga til denne også full. Men du kan fortsatt sette deg på venteliste og du vil få svar dersom det er plass!

Sommarskulen 2021

Er du glad i vatn og mellom 10-16 år? Då kan du få tidenes oppleving i sommar! Saman med sertifiserte og dyktige instruktørar arrangerer me sommarskule siste veke i sommarferien. Aktivitetar vert rafting, elvebrett, elvepadling, juving og enkelt friluftsliv. Du får låne naudsynt utstyr – våtdrakt, redningsvest, hjelm, spruttrekk, åre og båt til bruk i padleskulen.

Me skal leika, bada, padla, dukka, hoppa frå berga og kosa oss i den vakre vassdragsnaturen me har på Voss. I dette miljøet knyttar du heilt spesielle band, og får opplevingar som du tek med deg resten av livet.

Ved spørsmål ta kontakt med Lee Royle på hei@vosskajakklubb.com

Veke 31:

Mandag 02. august – fredag 06. august
KL 10.00-14.00
Stad: Tvildemoen: Sjå kart

Veke 32:

Mandag 09. august – fredag 13. august
KL 09.00-15.00
Stad: Tvildemoen: Sjå kart

Påmelding

Sommarskulen er GRATIS, og når du melder deg på vert du medlem av Voss Kajakklubb ut året.

Meld deg på her

Sommarjobb på sommarskulen?

Er du mellom 16-18 år kan du få betalt for å bli med på sommarskulen.
Me treng nemleg 4 assistentar som kan vere med på planlegging og bistå instruktørane. Du må vere symjedyktig og over snittet komfortabel i kaldt vatn. Ta kontakt med hei@vosskajakklubb.com med emne «Sommarjobb på sommarskulen».

Detaljer

Start:
9. august @ 09:00
Slutt:
13. august @ 15:00
Kostnad:
Gratis
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:

Sted

Kajakkbua Tvildemoen
Magasinvegen 26
Voss, 5700 Norge
+ Google-kart

Legg til i din kalender:

rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Kajakklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer