
Bassengtrening
Bassengtrening er eit tilbod til medlem gjennom vintersesongen. Her kan nye padlarar lære basistak og rulle i trygge omgjevnader medan dei meir erfarne har høve til å halde rusten borte frå padleformen. Born og unge får ein svært lågterksel introduksjon til sporten gjennom leik med båtane i bassenget.
- Klubben stiller med eit utval reine båter, årer og trekk. Det er ikkje mogleg å ta inn eigne båtar eller utstyr i bassenget. Du treng altså berre ta med badeklede.
- Dersom me skal få å ha tilgang til bassenget må passa å halda garderobane reine (altså tørk av evt skitne sko og kle før ein går inn, ta av skoene i gangen).
- Me har avgrensa plassar på bassengtrening, og det er kun for medlem. Er du ikkje medlem endå kan du melde deg inn, velkomen! Sjå andre medlemsforedler her.
Gratis for born og unge under 18 år
Born under 18 i følge med vaksen går gratis, legg inn namn på borna når du melder deg på.


Reint idrettslag
Voss Kajakklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.
Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.