Padleglede på 2 m2/s
1. september 2021
Ingen vossapadlar kan hugsa at vannstanden nokon sinne ikkje vore så låg på denne tida av året. Likevel finn me djupe kulpar utafor den lille bua vår på Tvildemoen! Her er bilete frå gårsdagens flatwater freestyle-session med superstjernene våre Marlene Devillez og Tora Heggem. Me fekk pumpa kjernemuskulaturen og ein god del andre musklar me ikkje visste at me hadde.
Tusen takk til fotograf Silje Heistein Lund!
Ser dette kjekt ut? Bli med klubben på jentepadling!
Posta i nyheter

Reint idrettslag
Voss Kajakklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.
Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.