Velkomen til
Voss Kajakklubb!

Interesseorganisasjonen for elvepadlarar på Voss.

Skills & safety

Lær deg å padle eller puss på skillsene! Sjå etter komande kurs i kalendaren eller ta kontakt.

Viktig info

Going kayaking in Voss? Make sure you know the basic rules.

Ekstrem ungdom

13. mai 2013

Er du mellom 15 og 19 år er du invitert til ein fantastisk morosam dag med Ekstremsportveko! Du får prøve ei rekkje spennande aktivitetar, inkludert elvepadling. Du må ikkje kunne noko om sportane frå før av, eller vere tøffaste rabbagasten i klassen for å vere med på dette. Dette er heilt trygg moro for alle…

Les meir

NPF-sikkerhetskurs 1.-2. juni

13. mai 2013

Få ein god start på sesongen med sikkerhetskurs! Enten er du relativt fersk eller du ynskjer å friska opp gamle kunnskapar er dette vel verdt å bruka tid på. Det vert ikkje så mykje tid i båten, men du bør ha padla ein sesong for å få mest ut av kurset. Sjå detaljar her

Les meir

Ungdomspadling med Kayak Voss

29. april 2013

Kayak Voss fortset suksessen med å tilby vossaungdomen introkurs i elvepadling! Fjorårets kurs var svært populært og me ser fram til å sjå dei att i den komande sesongen.

Les meir

Slalåmbane ved raftingen

21. april 2013

Det var ein durableg mengde kvistar som rauk til då klubben rydda opp ved den nye treningsbanen i kveld. Nedafor brua ved Voss rafting senter har svært gode høve fornybyrjarar då både temperatur og straum er så venleg som ein kan få det på Voss. Her kan altså padlarar på alle nivå finpussa på teknikken…

Les meir
rentil_logo_blaa-rgb5

Reint idrettslag

Voss Kajakklubb er "Reint idrettslag" og tek avstand frå bruk av dopingmidlar.

Gå til www.antidoping.no for oppdatert informasjon.

Støtt klubben

Les mer

VIPPS

Les mer