Sikringspadlarar ved opninga av den nye Tintrabrua

Etter opning av ny Tintrabru – Foto: Kevin Hemelsoet
Tusen takk til Julian Stocker, Therese Storebø, Dag Sandvik og Kevin Hemelsoet som i dag stilte opp på elva som sikringspadlarar under opnings seremoinen til den nye Tintrabrua. Veldig kjekt å få vere med å bidra til slike hendingar i bygda!
Aktivitetsdag for ungdom – Ekstremsportveko 2013
Søndag 26. mai arrangerte Ekstremsportveko og dei 4 stiftingsklubbane aktivitetsdag for ungdom frå 15-19 år. 42 ungdommar fekk prøva padling, rafting, paragliding og vindtunnellen. Me padla ved Voss raftingsenter og hadde ein fin dag i sola!
Andy Phillips, Mads Rio, Jamie Sutton og Liv Kari Reisæter stilte som instruktørar. Arild Tvilde/Voss folkehøgskule og Mads Rio/Vått & Vilt lånte ut utstyr. Takk!