Please wait while flipbook is loading. For more related info, FAQs and issues please refer to DearFlip WordPress Flipbook Plugin Help documentation.

Natur- og vassdragssenter Trinn 1

Dette er fyrste trinn i utviklinga av eit senter for Vossavassdraget. Senteret skal byggast trinnvis ovanfor ein elvestrekning perfekt for lågterskel aktivitet og unike naturopplevingar. Tomta er gjengrodd og utan fasilitetar, men trafikken på og langs elva er aukande. Parkering, toalett og utstyrslager må på plass for å tilrettelegga for fleire brukargrupper og for meir aktivitet.

Historien bak

Rett oppstraums Voss sentrum har naturen forma elva på ein fasinerande måte for det friluftsglade mennesket. Området er familie- og barnevenleg og eit eldorado for lågterskel elvepadling og utesymjing.

Tomta ovanfor elva her er ubrukt og gjengrodd. I 2019 tok Voss Kajakklubb initiativ til å sjå på moglegheiter for å bygga eit senter for Vossavassdraget. Saman med fleire organisasjonar har prosjektet gått gjennom ein omfattande idéfase som viser eit mangfald av moglegheiter (sjå idekart neste side). Bruket Arkitekter har på bakgrunn av dette utarbeida situasjonsplan og konseptskisser som viser korleis tomta kan utviklast trinn for trinn.

Målet med fyrste trinn er å tilrettelegga for at fleire får moglegheit til å ta del i aktivitetane her, og bygga infrastruktur for den aukande trafikken. Slik kan vassdragssenteret utviklast over tid, basert på reelle behov og erfaringar.

Hovudprosjektet

Presentasjon av idefasen for heile vassdragssenteret kan sjåast her:

https://prezi.com/view/Vbdq2qsw85XtVbx0KJlj/