Viktig informasjon!
Friluftslova
Du har kanskje høyrd om allemannsretten som er nedteikna i friluftslova av 1957? Denne lova gjev
oss fridom til å ferdast, oppleve og overnatte i naturen i Noreg. Lova gjev oss ei rekke rettar når det
kjem til ferdsle i utmark, men den set også krav til deg som nyttar naturen.
Me ber deg om å vere merksam på fylgjande punkt:
- Parker ikkje i private innkøyrsler eller stader der bilen kan stå i vegen for andre bilar eller landbruksmaskiner.
- Gå ikkje over dyrka mark, inngjerda område eller hagar.
- Respekter menneska som bur og arbeider der me padler.
- Betal bompengar og parkeringsavgift.
- Unngå å spreie lakselus. Tørk eller desinfiser utstyret ditt når du flytter deg mellom vassdrag.
- Skal du telte, set opp teltet ditt minimum 150m frå næraste hytte eller hus.
- Du har ikkje lov til å verte buande meir enn to netter på same plass.
- Legg ikkje att bos eller toalettpapir.
- Tenk over kvar du gjer frå deg. Andre bruker naturen også!
- Vis varsemd ved bålbrenning, det er ikkje lov å tenne bål i skogen frå 15. april til 15. september.
- Kontakt politiet dersom du mister båten din eller er med i ein redningsaksjon. Då slepp me utrykkingar på grunn av uroa vitne som ringer naudtelefonen.